torsdag 30. juli 2015

NOKON KJEM TIL Å RINGE


I dag leste jeg dette:

http://www.seher.no/kjendis/det-er-delte-meninger-om-forandringen-80816

Så her er et teaterstykke jeg har skrevet som en hyllest til Fotballfrue og Jon Fosse. Det er ikke så veldig langt. Håper dere liker det.



NOKON KJEM TIL Å RINGE


I

På verandaen ved eit staseleg kvitt hus i vene Siljan sitt ein mann og ei kvinne. Dei har eit glass rosa vin kvar. Ho er i slutten av 20-åra, blond, blid og slank. Han er fotballspelar.

HAN
muntert
No er vi her.

HO
Ja

HAN
No er vi her

HO
Du gjentek deg sjølv.

HAN
Kviskrar
No er vi her

HO
Ja.

HAN
Åleine saman

HO
Nei, vi er ikkje aleine

HAN
Er vi ikkje?

HO
Nei

HAN
Er vi ikkje?

HO
Slutt å gjenta deg sjølv.

HAN
Forsiktig
Men vi er jo her, åleine saman

HO
Nei, vi er ikkje det, vi har ei dotter óg
Ho berre ligg og søv
Ho ligg der inne og søv
Inne i huset
Ho har ny outfit i dag
Vi har ei dotter óg

HAN
Kviskrar
Vi har ei dotter óg.

HO
No gjentek du meg óg.

HAN
Vi er åleine saman med dotter vår
Vi og så ho óg

Ho
Ja
Men nokon kjem til å ringe

Han
Ingen kjem til å ringe

HO
Fortvila
Nokon kjem til å ringe

HAN
Nei, vi er her åleine saman med dotter vår
Ho ligg der inne og søv
Ho har ny outfit i dag

HO
Bestemt
Eg vil at nokon skal ringe
Pause
Men eg vil ikkje at nokon skal ringe
Det er rart med det

HAN
Ja, det er rart med det
Eg vil også at nokon skal ringe

HO
Protesterande
Det vil du ikkje.
Du seiar at du vil at nokon skal ringe
Men det vil du ikkje

HAN
Bedande
Eg vil at nokon skal ringe meg

HO
Eg trudde du ville være her
åleine saman

HAN
Trøystande
Ingen kjem til å ringe

HO
Nokon kjem til å ringe
Nokon ringer alltid

HAN
Men vi er jo her
åleine saman
åleine saman med dotter vår
som ligg der inne og søv
Ho har ny outfit i dag
Vi har jo
han bryt seg av, ser fortvila på henne
Kven kjem til å ringe

HO
Eg veit berre at nokon av dei
vg, dagbladet, tv2
eller dagens næringsliv
Nokon kjem til å ringe
ringe og ringe
og ikkje gi seg

HAN
stryk ho over det ljose håret
Kanskje dei ikkje ringer denne gongen
Sukkar
Kanskje dei er snille denne gongen
Kanskje dei ikkje veit
at du har blitt blond att
kanskje ikkje denne gongen
No er det bare meg og deg
og ho

HO
Nokon kjem til å ringe
om vi går inn i huset
kanskje nokon ringer
om vi går inn
då ringer dei

Ho reiser seg og går inn i huset.



II

Dei står i stuga og ser ned på ein Iphone6 som ligg på stugebordet. Ho pustar djupt og knyttar nevene.

HO
Kviskrar
Nokon kjem til å ringe
Dei ringar no
Ringar
Og dei gir seg ikkje

HAN
Spørjande
Har du hugsa å lade telefonen
så den ringer
når dei ringer
elles kan dei ikkje
ringa deg
Kanskje nokon kjem til å ringe
Eg veit ikkje

HO
Plutseleg anklagande
Du sa dei ikkje ville ringe
Kvifor spør du om eg har straum
på telefonen
hvis du ikkje tror dei vil ringe

HAN
Ser ned
Eg berre spyrde
Ingen kjem til å ringe
men kanskje dei er snille denne gongen
eg veit ikkje

Telefonen ringer og dei skvett både to

HO
Nokon ringer

HAN
Ja

Ho tar telefonen.

SJÅ&HØYR
Hei

HO
Hei

SJÅ&HØYR
Vi ringar berre
Vi ringar deg
berre
for å høyre
kva slags reaksjonar
lesarane,
dei som les bloggen,
Kva for reaksjonar
har du fått
på forandringa

HO
Eg har fått
delte
reaksjonar

SJÅ&HØYR
Kor lang tid tok den,
behandlinga
tok den lang tid
behandlinga

HO
Det tok berre ein dag

SJÅ&HØYR
Berre ein dag

HO
Berre ein dag

SJÅ&HØYR
Var den
sponsa
behandlinga

HO
Ja
det var ho

Ho legg på. Blir ståande med armane langs sida. Han går bort og tar ho forsiktig på skuldra.

HAN
Kviskrar
Nokon ringde.

Ho snur seg brått, går og stillar seg attmed vindauget. Ser ut.

III


Han kjem ut frå huset. Sett seg på trammen. Gjømmer anletet i henda og sukkar djupt.

HAN
Nokon ringde
Ho svara
Dei var ikkje slemme
Ikkje denne gongen
Men
dei bryr seg ikkje
om oss
Eg trur ikkje dei bryr seg
om at vi er her
åleine
Ikkje heilt åleine
Ikkje åleine saman
For vi har no ho
ungen
Åleine saman
Eg og ho og ungen
Nokon kjem til å ringe
Kvifor ringer ingen meg?

Han ser opp, ser tomt ut i lufta. Ho kjem ut av huset, sett seg attmed han på trammen. Løfter eine handa og stryk han på kinnet. Lang pause.


Teppe

Hilsen Marit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar